onsdag 4. oktober 2017

Tur til Kalvavatnet 12.10.14

Dette året var Kalvavatnet over Fimreite ein av Stølstrimpostane, og som vanleg prøver eg å legge turen innom dei fleste av desse. Denne gang hadde eg alliert meg med ein kjentmann til og med. Me tok ein sti som gjekk rimeleg rett opp, og dermed kom me oss fort opp mange høgdemeter.  Når me kom opp av skogen fekk me flott utsikt utover Sognefjorden og bla heim til Fardal. Vidare bort til Kalvavatnet var det no flatare og fint og gå. Eg fekk skrive meg i boki og klypt i kartet, og etter ein liten pause bar det nedover att. No gjekk me ein sti som førte oss ned lenger ute på Fimreite.


Eg likar å ta bilete av gamle tre
Utsikt utover Sognefjorden

Huset mitt omtrent midt i bildet

Øvstedalen

Sognefjorden

Nornes, Ølmheim og Skriki

Kjentmann Terje Fimreite nyt utsikten

Fimreite t.v og Slinde t.h

Kalvavatnet



Stakk seg litt ut blant alt det grøne

søndag 1. oktober 2017

Svalbard 25.-28. sept 2014

Var så heldig å få bli med Polarbrød på ein tur til Svalbard saman med eit knippe kollegaer. Naturen var storslått, men dyrelivet fekk me dessverre ikkje sett så mykje til.

På veg frå flyplassen til Longyearbyen



Me vart tatt med på busstur rundt i Longyearbyen


Og inn Adventdalen opp til Gruve 7



Laurdagen var det båttur til Barentsburg som stod på programmet.


Kjekke damer :-)


Bryggen i Bergen og Nidarosdomen var malt på veggen her





Postkassen til Julenissen i Longyearbyen


Dei tøffaste tok seg like godt ein dukkert etterbåt turen




Dei einaste isbjørnane me fekk sjå var dei som stod utstoppa rundt om.
Men turen gav så absolutt meirsmak, og eg vil gjerne tilbake for å oppleve endå meir av det Svalbard har å by på.




På tide å starte litt oppdatering igjen

Etter mange år i dvale føles det rett å skulle ta opp igjen bruken av bloggen. Den første tida vil eg bruke til å legge inn oppdateringar frå tidlegare turar. Så får eg komme inn på dei nylege etterkvart.

tirsdag 11. oktober 2011

"Bådlastein" 08.10.11

Etter ein begredeleg sommar og haust med omtrent berre regn, opprant denne laurdagen med sol :-) Då vart trangen etter å komme seg til fjells så stor at eg berre måtte.
Ingen av ungane ville være med å ta eit par postar på Stølstrimmen, men det stoppa ikkje meg, ingen grunn til at ikkje eg skal få 10 postar, berre fordi at dei ikkje giddar. Så det var på med gode kle og fjellsko og avgårde med meg. På veg fram stoppa eg for å levere ei hue til gubben, som var å hjelpte eit vennepar av oss med garasjetomta. Og då tok eg likegodt å lånte hunden deira med på tur, alltid kjekt med litt selskap :-)
Det var flotte haustfargar i fjellet og kameraet på mobilen vart flittig brukt.
Furusete

Rett over Furusete kom me opp i snøen.
Ved kalvavatnet.
Fjærlandsete. 
Zarko og postkassen ved Bollesteinen.
Utsikt mot Hurrungane.
Vel framme ved Bollesteinen vart dei 4 "M" ane eg hadde i lomma fortært og etter mange forsøk på å få eit fint bilde av meg og Zarko saman vart dette resultatet.

Zarko var no fin i allefall :-)
Sidan eg skulle i bryllaupsfest om kvelden, vart det strake vegen heim over Dyrhovden, ned på Gautastølen og ned til bilen på parkeringen ved Trodhaug. Me hadde brukt ca 3 timar på turen som i følge appen på mobilen var ca 1,1 mil. Både eg og Zarko kosa oss veldig på turen, været var bra og det var fint å gå, lell om eg til tider hadde snø til knedna.

Eg var litt støl når eg kom i dei høghela skodna om kvelden, og Zarko hadde vore så sliten at han omtrent ikkje orka ete ein gang. Fekk nok litt dårleg samvittigheit når eg høyrde det :-) Men eg har fått lov til å låne han meir viss eg vil :-)
Fine Zarko

Tur til Skåla 17.-18. sept. 2011

Me hadde hatt planar om ein tur til Skålatårnet ei stund, og funne to alternative helgar. Første helga nærma seg med flotte værmeldingar, og planlegging vart satt i gang.
Me var to damer med kvar si 12 år gamle dotter. Me er alle van med å gå i fjellet, men  sjølve har eg ikkje våre på overnattingstur på ei sjølvbetjent hytte før, så eg var litt usikker på kva eg trengte å ta med. Me hadde likevel klart å få med oss det viktigaste. Men sekken vart sjølvsagt tyngre enn ved ein dagstur.

Turkameratane våre kom heim til oss allereie fredag kveld og avreise vart planlagt mellom 9 og 10 neste morgon. Laurdagsmorgon opprant med nydeleg vær og me kom oss avgårde rundt kl 9. Hadde eit lite handle stopp i Sogndal og i Innvik vart det ein tur innom Skogstad butikken og lunsj ute i sola. På veg til Olden låg det eit påkøyrt ekorn i vegen, noko Monika følte for å ta med seg heim for utstopping, så etter at det var pakka i bilen vart neste stopp i Olden for å besøke Moods of Norway butikken og
daglegvarehandelen på motsatt side av vegen for kjøpe frysevarer til å ha liggande saman med ekornet. Slik at det skulle holde seg kaldt til ho kom seg heim med det. Så var det Loen next :-)

Jentene fekk oppdraget med å ordne parkeringsavgifta medan sekkane vart pakka ut av bilen. Og så var me klar for å starte på turen opp til Skålatårnet 1848 moh. 
Været var flott, og dei to ”bergensarane” me hadde med oss, hadde starta turen med stillongs på. Dei vart plukka av allereie etter ca 500 m. Så bar det oppover med oss. Varmen og sekkane gjorde at me måtte ha mange pausar undervegs.
Og eg vart stortsett gåande bakerst, for det var så mykje fint å ta bilete av, så det hefta meg litt. Men ikkje meir enn at eg holdt følge med resten :-)  Ved ca 8-900 moh tok me hovudpausen og fekk i oss godt med mat og drikke. 
No var det begynt å bli litt kjøligare, og meir kle måtte finnast fram. Hugsar ikkje heilt no, men trur me hadde brukt omlag 2,5t dit. Det var tungt å komme i gang igjen, men opp skulle me. Gleda oss til å komme opp i tårnet og kose oss med fleskepannekaker og kakao og slappe av med litt spel.
Ved Skålavatnet tok me ein rask vurdering om me skulle fylle vatnflaskene våre der eller satse på at det var vatn i bekken ved ca 1400moh.(Det er ikkje vatn ved Skålatårnet og dette er dei to siste alternativa til å finne vatn). Me kom fram til at me trudde det var vatn i bekken og gjekk vidare.
Vel oppe ved bekken, var me forlengst komme opp i nysnøen og vatnet rant klart og kaldt nedover steinane. Her var det på tide å ha på seg meir klede, varme gensarar og huer vart funne fram, stillongsen og for somme. Vatnflaskene vart fylt godt opp, både drikkeflaskene og dei ekstra flaskene me hadde med for å ha til matlaging og div. 
 
 Herifrå og opp er det steinete og stien forsvinn rett som det er, men det er mange vardar oppover, så det er berre å ta sikte på dei.
Etter å omrent ha drive med klatring ei god stund kom me opp til noko som nesten kan kallast ei flate.


Ved enden av den var det malt inn 15-20 min på ein stein, og den ga oss akkurat den motivasjonen me trengte for å komme oss opp den siste kneika. I tillegg til at utsikten var heilt utruleg flott, så kameraet vart brukt flittig.
Stairway to heaven???
Jentene er komne opp og ventar på mødrene.
Men eg var så fasinert av utsikten så eg tok meg tid til å ta endå fleire bilete.
Så var me nesten framme alle saman, og eg må innrømme at eg var veldig glad for å sjå tårnet, lell om det var mindre enn eg hadde forestilt meg.
Men det var ingen opptur å komme til tårnet, for i det me går inn døra, blir me møtt av ein vegg med folk, hytta er allerede overfylt. Og første tanke var å snu, men ikkje pokker om me orka. Det vart å presse seg fram og opp i andre etasje og skifte på seg litt tørre og varme klede. For lell om det var fyrt lenge, var det ingen varme i tårnet. Så var det ned til omnen og varme seg, samt stå i kø for å lage seg mat. Medan me venta på å få sleppe til i kjøken kroken, gav lyset utanifrå beskjed om at no var sola på veg ned. Og eg måtte sjølvsagt fram med kameraet og ut og knipse litt.
Solnedgangen var vakker...
Så var det innatt å vente på å få lage seg litt mat. Når det endeleg vart vår tur, svarde ikkje maten til forventningane heller. Pannekakerøra frå toro ville ikkje sleppe panna, og ikkje eingang med masse smør i panna og panne byte vart dei bra. Men me vart no mette. Me nytta og høvet til å koke opp vatn til å ha på termosane våre til neste dag.  Kosen med speling vart det heller ikkje noko av, då det ikkje var råd å få sitje nokon plass. Slitne som me var, vart det tidleg kveld, men soving vart det lite av. Tårnet/hytta har sengeplass til 18-20 stk, og me var  28 stk den natta. 2 stk sov nede på  benkene, medan me andre låg som sild i tønne i den tre-etasjes halvmåneforma køysenga.
  Neste morgon var det frukost og tid for å starte på turen nedatt. Men eg måtte jo sjølvsagt ta litt bileter til før me gjekk.
Gjengen klar for heimreise...

Så bar det nedover med oss, det var kaldt og masse vind, litt glatt å gå.
Det var helst vinden som gjorde at det var vanskeleg å gå  i starten då den helst ville flytte oss sidelengs, men etterkvart som me kom oss nedover til sommaren igjen, vart det betre. Men då begynte føttene å bli bra tunge, og det gjekk seint. Kvart steg var ein prøvelse for oss vaksne iallefall, jentene såg ut til å takle det litt betre.
No nærmar me oss slutten på turen, stillongs og ullgenserar er forlengst pakka ned att i sekken, for her har me forlate vinteren og komme ned att til sommaren.
Ved å ta ein liten avstikkar frå stien fann eg denne fossen :-)
No er me snart nede ved bilen og det er me kjempe glade for. Me er alle einige om at me har hatt ein flott, men slitsom tur. Og litt av opplevelsen vart nok øydelagt av at det var så fullt i tårnet. Men me var godt fornøygde med å ha vore der, been there done that, liksom :-D 
 Og ja, me anbefallar andre å ta turen, men det er ein fordel å være litt trena, for det er nesten 9 km med oppoverbakke opp til tårnet, og dei same 9 km med nedoverbakke etterpå. (som for min del nesten er verre enn oppoverbakke). Men utsikten og naturen var fantistisk :-)
De kan sjå fleire bileter frå turen her: https://www.facebook.com/media/set/?set=a.10150379927607349.400790.566797348&l=b53bdbfdc7&type=1