tirsdag 11. oktober 2011

Tur til Skåla 17.-18. sept. 2011

Me hadde hatt planar om ein tur til Skålatårnet ei stund, og funne to alternative helgar. Første helga nærma seg med flotte værmeldingar, og planlegging vart satt i gang.
Me var to damer med kvar si 12 år gamle dotter. Me er alle van med å gå i fjellet, men  sjølve har eg ikkje våre på overnattingstur på ei sjølvbetjent hytte før, så eg var litt usikker på kva eg trengte å ta med. Me hadde likevel klart å få med oss det viktigaste. Men sekken vart sjølvsagt tyngre enn ved ein dagstur.

Turkameratane våre kom heim til oss allereie fredag kveld og avreise vart planlagt mellom 9 og 10 neste morgon. Laurdagsmorgon opprant med nydeleg vær og me kom oss avgårde rundt kl 9. Hadde eit lite handle stopp i Sogndal og i Innvik vart det ein tur innom Skogstad butikken og lunsj ute i sola. På veg til Olden låg det eit påkøyrt ekorn i vegen, noko Monika følte for å ta med seg heim for utstopping, så etter at det var pakka i bilen vart neste stopp i Olden for å besøke Moods of Norway butikken og
daglegvarehandelen på motsatt side av vegen for kjøpe frysevarer til å ha liggande saman med ekornet. Slik at det skulle holde seg kaldt til ho kom seg heim med det. Så var det Loen next :-)

Jentene fekk oppdraget med å ordne parkeringsavgifta medan sekkane vart pakka ut av bilen. Og så var me klar for å starte på turen opp til Skålatårnet 1848 moh. 
Været var flott, og dei to ”bergensarane” me hadde med oss, hadde starta turen med stillongs på. Dei vart plukka av allereie etter ca 500 m. Så bar det oppover med oss. Varmen og sekkane gjorde at me måtte ha mange pausar undervegs.
Og eg vart stortsett gåande bakerst, for det var så mykje fint å ta bilete av, så det hefta meg litt. Men ikkje meir enn at eg holdt følge med resten :-)  Ved ca 8-900 moh tok me hovudpausen og fekk i oss godt med mat og drikke. 
No var det begynt å bli litt kjøligare, og meir kle måtte finnast fram. Hugsar ikkje heilt no, men trur me hadde brukt omlag 2,5t dit. Det var tungt å komme i gang igjen, men opp skulle me. Gleda oss til å komme opp i tårnet og kose oss med fleskepannekaker og kakao og slappe av med litt spel.
Ved Skålavatnet tok me ein rask vurdering om me skulle fylle vatnflaskene våre der eller satse på at det var vatn i bekken ved ca 1400moh.(Det er ikkje vatn ved Skålatårnet og dette er dei to siste alternativa til å finne vatn). Me kom fram til at me trudde det var vatn i bekken og gjekk vidare.
Vel oppe ved bekken, var me forlengst komme opp i nysnøen og vatnet rant klart og kaldt nedover steinane. Her var det på tide å ha på seg meir klede, varme gensarar og huer vart funne fram, stillongsen og for somme. Vatnflaskene vart fylt godt opp, både drikkeflaskene og dei ekstra flaskene me hadde med for å ha til matlaging og div. 
 
 Herifrå og opp er det steinete og stien forsvinn rett som det er, men det er mange vardar oppover, så det er berre å ta sikte på dei.
Etter å omrent ha drive med klatring ei god stund kom me opp til noko som nesten kan kallast ei flate.


Ved enden av den var det malt inn 15-20 min på ein stein, og den ga oss akkurat den motivasjonen me trengte for å komme oss opp den siste kneika. I tillegg til at utsikten var heilt utruleg flott, så kameraet vart brukt flittig.
Stairway to heaven???
Jentene er komne opp og ventar på mødrene.
Men eg var så fasinert av utsikten så eg tok meg tid til å ta endå fleire bilete.
Så var me nesten framme alle saman, og eg må innrømme at eg var veldig glad for å sjå tårnet, lell om det var mindre enn eg hadde forestilt meg.
Men det var ingen opptur å komme til tårnet, for i det me går inn døra, blir me møtt av ein vegg med folk, hytta er allerede overfylt. Og første tanke var å snu, men ikkje pokker om me orka. Det vart å presse seg fram og opp i andre etasje og skifte på seg litt tørre og varme klede. For lell om det var fyrt lenge, var det ingen varme i tårnet. Så var det ned til omnen og varme seg, samt stå i kø for å lage seg mat. Medan me venta på å få sleppe til i kjøken kroken, gav lyset utanifrå beskjed om at no var sola på veg ned. Og eg måtte sjølvsagt fram med kameraet og ut og knipse litt.
Solnedgangen var vakker...
Så var det innatt å vente på å få lage seg litt mat. Når det endeleg vart vår tur, svarde ikkje maten til forventningane heller. Pannekakerøra frå toro ville ikkje sleppe panna, og ikkje eingang med masse smør i panna og panne byte vart dei bra. Men me vart no mette. Me nytta og høvet til å koke opp vatn til å ha på termosane våre til neste dag.  Kosen med speling vart det heller ikkje noko av, då det ikkje var råd å få sitje nokon plass. Slitne som me var, vart det tidleg kveld, men soving vart det lite av. Tårnet/hytta har sengeplass til 18-20 stk, og me var  28 stk den natta. 2 stk sov nede på  benkene, medan me andre låg som sild i tønne i den tre-etasjes halvmåneforma køysenga.
  Neste morgon var det frukost og tid for å starte på turen nedatt. Men eg måtte jo sjølvsagt ta litt bileter til før me gjekk.
Gjengen klar for heimreise...

Så bar det nedover med oss, det var kaldt og masse vind, litt glatt å gå.
Det var helst vinden som gjorde at det var vanskeleg å gå  i starten då den helst ville flytte oss sidelengs, men etterkvart som me kom oss nedover til sommaren igjen, vart det betre. Men då begynte føttene å bli bra tunge, og det gjekk seint. Kvart steg var ein prøvelse for oss vaksne iallefall, jentene såg ut til å takle det litt betre.
No nærmar me oss slutten på turen, stillongs og ullgenserar er forlengst pakka ned att i sekken, for her har me forlate vinteren og komme ned att til sommaren.
Ved å ta ein liten avstikkar frå stien fann eg denne fossen :-)
No er me snart nede ved bilen og det er me kjempe glade for. Me er alle einige om at me har hatt ein flott, men slitsom tur. Og litt av opplevelsen vart nok øydelagt av at det var så fullt i tårnet. Men me var godt fornøygde med å ha vore der, been there done that, liksom :-D 
 Og ja, me anbefallar andre å ta turen, men det er ein fordel å være litt trena, for det er nesten 9 km med oppoverbakke opp til tårnet, og dei same 9 km med nedoverbakke etterpå. (som for min del nesten er verre enn oppoverbakke). Men utsikten og naturen var fantistisk :-)
De kan sjå fleire bileter frå turen her: https://www.facebook.com/media/set/?set=a.10150379927607349.400790.566797348&l=b53bdbfdc7&type=1

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar