tirsdag 11. oktober 2011

"Bådlastein" 08.10.11

Etter ein begredeleg sommar og haust med omtrent berre regn, opprant denne laurdagen med sol :-) Då vart trangen etter å komme seg til fjells så stor at eg berre måtte.
Ingen av ungane ville være med å ta eit par postar på Stølstrimmen, men det stoppa ikkje meg, ingen grunn til at ikkje eg skal få 10 postar, berre fordi at dei ikkje giddar. Så det var på med gode kle og fjellsko og avgårde med meg. På veg fram stoppa eg for å levere ei hue til gubben, som var å hjelpte eit vennepar av oss med garasjetomta. Og då tok eg likegodt å lånte hunden deira med på tur, alltid kjekt med litt selskap :-)
Det var flotte haustfargar i fjellet og kameraet på mobilen vart flittig brukt.
Furusete

Rett over Furusete kom me opp i snøen.
Ved kalvavatnet.
Fjærlandsete. 
Zarko og postkassen ved Bollesteinen.
Utsikt mot Hurrungane.
Vel framme ved Bollesteinen vart dei 4 "M" ane eg hadde i lomma fortært og etter mange forsøk på å få eit fint bilde av meg og Zarko saman vart dette resultatet.

Zarko var no fin i allefall :-)
Sidan eg skulle i bryllaupsfest om kvelden, vart det strake vegen heim over Dyrhovden, ned på Gautastølen og ned til bilen på parkeringen ved Trodhaug. Me hadde brukt ca 3 timar på turen som i følge appen på mobilen var ca 1,1 mil. Både eg og Zarko kosa oss veldig på turen, været var bra og det var fint å gå, lell om eg til tider hadde snø til knedna.

Eg var litt støl når eg kom i dei høghela skodna om kvelden, og Zarko hadde vore så sliten at han omtrent ikkje orka ete ein gang. Fekk nok litt dårleg samvittigheit når eg høyrde det :-) Men eg har fått lov til å låne han meir viss eg vil :-)
Fine Zarko

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar