Denne dagen skulle bilen min fiksast litt og medan det vart gjort ville eg ha meg ein tur på gamle trakter. Eg er jo opprinneleg frå Kaupanger. Og det er egentleg flaut å innrømme at eg før denne dagen i mai 2015, hadde eg aldri vore heilt oppe på Almaholten. Så no var det på tide. Eg vart sett av nede ved tunnelen i Amla, og fulgte stiar som eg før nesten berre hadde ridd på, opp til der vegen tek av mot Amlaholten. Og ganske snart fekk eg utsikt "heim" til huset på fergekaien.
 |
Eksprimenterar litt med lukkertid |
 |
Utsikt "heimatte" |
Stien opp er merka og lett å finne, eit par plassar er den ganske bratt. Men ein blir belønna med litt utsikt mellom trea her og der.
 |
Utsikt utover fjorden frå Amlaholten |
Sidan eg hadde heile dagen på meg, fann eg ut at eg skulle følge den merka stien vidare og sjå kor den førte meg. Den viste seg å føre ned mot bossplasssen i Festingedalen, og ein plass var det fin utsikt utover fjorden.
 |
"Statskoghytta" |
Då eg kom nedatte for "Statskoghytta" var eg igjen inne på kjendt territorium, og det vart fulgt stiar ned til tunnelen igjen. Men sidan bilen og skyssen min ikkje var klar, begynte eg å gå oppover mot industriområdet. Det var nesten litt nostalgisk å vandre på vegar og stiar som me rei på heile tida når ein var yngre. Eg fann etterkvart ein sti som eg trudde skulle lede meg opp mot Hauståkernakken, og om den forsvann litt her og der, så kom eg meg opp dit likevel.
 |
Utsikten frå Hauståkernakken er ganske upåklageleg |
Så var turen nesten over, nå var det berre å fylgje stien ned til industriområdet og håpe at bilen var klar.