fredag 6. oktober 2017

Eggenipa 31.08.14

Lenge har dette særeigne fjellet i Breim lege og lokka på meg. Og denne dagen vart eg invitert med på tur dit av Anne Marit og Bente Mari. Eg var ikkje vanskeleg å be.... Fekk til og med med meg elsdtejenta Kristin. Me køyrde saman med Anne Marit og skulle møte Bente Mari og ei gruppe av familien hennar ved turstart. Det vart ein flott tur i strålende sol, godt selskap og vakker natur.
Eggenipa set frå Utvikfjellet rundt påsketider

Den ser ikkje like spesielt ut frå denne kanten

Plukkar høgdemeter ganske fort

Utsikt mot Byrkjelo




Litt av Våtedalen oh Byrkjelo




Ser nesten uframkommeleg ut, men gjekk veldig greit




Heile gjengen samla på toppen





Skitur 23.juni 15

Du veit snøen ligg lenge når du kan gå på skitur 23.juni i Øvstedalen. Bar rett nok skia til over Furusete, men i Slettebotn var det nesten metern igjen med snø på myrane. Gjekk i retning Fjærlandsete først, svinga så av opp mot Skitbrekkene. Hadde ein fin rast der før eg sigla nedatte.









Stirydding

Vinterens stormar hadde fare stygt med stien opp Skaret til Skarsbøstølen. Og sidan eg brukar den ein del og hadde nesten forlanga å få ein stølstrimpost i det området dette året, var det berre å brette opp ermene, ta med seg motorsaga og begynne å rydde sti.




Burde nok ikkje legge vernebuksa igjen heime. heldigvis var det berre buksa som vart øydelagt.

Tur på Kaupanger

Denne dagen skulle bilen min fiksast litt og medan det vart gjort ville eg ha meg ein tur på gamle trakter. Eg er jo opprinneleg frå Kaupanger. Og det er egentleg flaut å innrømme at eg før denne dagen i mai 2015, hadde eg aldri vore heilt oppe på Almaholten. Så no var det på tide. Eg vart sett av nede ved tunnelen i Amla, og fulgte stiar som eg før nesten berre hadde ridd på, opp til der vegen tek av mot Amlaholten. Og ganske snart fekk eg utsikt "heim" til huset på fergekaien.

Eksprimenterar litt med lukkertid






Utsikt "heimatte"

Stien opp er merka og lett å finne, eit par plassar er den ganske bratt. Men ein blir belønna med litt utsikt mellom trea her og der.

Utsikt utover fjorden frå Amlaholten

 Sidan eg hadde heile dagen på meg, fann eg ut at eg skulle følge den merka stien vidare og sjå kor den førte meg. Den viste seg å føre ned mot bossplasssen i Festingedalen, og ein plass var det fin utsikt utover fjorden.

"Statskoghytta"
Då eg kom nedatte for "Statskoghytta" var eg igjen inne på kjendt territorium, og det vart fulgt stiar ned til tunnelen igjen. Men sidan bilen og skyssen min ikkje var klar, begynte eg å gå oppover mot industriområdet. Det var nesten litt nostalgisk å vandre på vegar og stiar som me rei på heile tida når ein var yngre. Eg fann etterkvart ein sti som eg trudde skulle lede meg opp mot Hauståkernakken, og om den forsvann litt her og der, så kom eg meg opp dit likevel.


Utsikten frå Hauståkernakken er ganske upåklageleg

Så var turen nesten over, nå var det berre å fylgje stien ned til industriområdet og håpe at bilen var klar.